Partiprogram 2023-2027
Politisk program for perioden 2023-2027
Hjelmeland - ein flott stad å bu
Kjære veljarar
Hjelmeland kommune er ein flott stad å bu. Me har det meste her i kommunenmed eit offensivt næringsliv med mange arbeidsplassar, gode helsetenester, flott natur, flinke matprodusentar og verdens beste sider. I tillegg har me mangeflotte frivillige organisasjonar som gjer at me har mange tilbod på ettermiddagarog kveldar.
Ein av utfordringane våre er at me er for få og då særleg yngre innbyggjarari «fruktbar» alder. Me har god kapasitet i tilbodet vårt til barnefamiliar og måleggja meir til rette for at unge etablererar får billige tomter å byggja heimen sin på I HJELMELAND KOMMUNE. Dette arbeidet må me få fortgang på. Det er mange arbeidsplassar som skal etableras i Hjelmeland dei neste åra og bør satsa meir på lokale ansatte i staden for innpendling til kommunen.
Kommunen har dei siste åra nytt godt av økte inntekterbåde frå havbruksfondet og kraftinntekter, og då særleg frå salg av konsesjonskraft. Det er gledeleg, men ein for stor andel av desse inntektene går direkte inn i drifta av kommunen. Ein konsekvens blir at nyinvesteringar som bygging av ny ungdomsskule, kai i Årdal og andre store investeringar vert finanserte med auka låneopptak. Problemet blir då høg gjeldsom vert endå høgare framover.
For å rusta oss for framtida meiner eg me trengå leggja om drifta vår, til tross for at kommunen har storeinntekter og klarer seg godt. Investeringar innan helse- og omsorgssektoren vil tvinga seg fram. Me blir stadig fleire eldre. Det er jo positivt, men eldrebølgja må me ikkje bare snakka om som noko fram i tid, ho er allereie begynt å merkas. Det er og blir kamp om fagfolka innan helse og omsorg.
Hjelmeland kommune har mange som gjer ein formidabel jobb med frivilligarbeid. Her har Hjelmeland kommune lagt til rette og bidrar med økonomisk støtte for at dei skal ha gode vilkår, det skal dei fortsatt ha. Bygdaråd, idrettslaga, teaterlag og andre er særs viktige for at me skal behalda innbyggjarane våre, og ein viktig faktor for å tiltrekka seg nye bebuarar til Hjelmeland.
Godt valg!
Gaute HaugeOrdførarkandidat Hjelmeland arbeiderparti
Hjelmeland AP program 2023-2027.pdf-
Program 2023 - 2027
Hjelmeland - ein flott stad å bu
-
Det me har jobba for dei siste åra
Hovedfokus for Hjelmeland AP dei siste periodane: